Bygdanyttboka

Bygdanyttboka
Kategorier: Speil og veggpynt
398 NOK
Legg i handlekurv

Folk snakkar om «virkelighetslitteratur». Her får dei ekte vare: Møt det verkelege Heimlandet Barndom: Fræna kommune på kysten av Romsdal er Edvard Hoems heimkommune. Bygdanyttboka er ei unik samling tekstar og fotografi frå denne kommunen. Lars Aarønæs var einaste tilsette journalist i den knøttlille lokalavisa Bygdanytt. I perioden 1977 til 1980 tok han over 30 000 bilde. Dette er også eit dykk inn i ein tidsepoke der du kan møte Saturday Night Fever, Arnardo og Torkel Ravndal. Her er unge Hoem, nyleg klar med Kjærleikens ferjereiser. Her er Glamox-gründeren Birger Hatlebakk, som har tilsett medarbeidar nummer 1000, bittelille Gunvor Hilde som er blitt noregsmeister i terrengløp, augevitnebilde av Mørebas-brannen i Malmefjorden og ein sinna disponent Sturla Steinsvik i Hustadmarmor. Og den siste mjølkespannbilen har velta. Bygdanyttboka er blitt ei tidsmaskin og ein lesefest.