Ymsedamer

Ymsedamer
Kategorier: ,Speil og veggpynt
Brand: Oddvar Torsheim
199 NOK
Kjøp nå

DAMER FRÅ FANTASI OG RØYNDOM Multikunstnaren Oddvar Torsheim ligg ikkje på latsida. Han forsyner jamleg det norske folk med skarpe tekstar, treffande bilde og songar med fråspark. I mai opnar utstillinga Ymsedamer på Mohn kunsthandel i Bergen, og samstundes gir SKALD ut boka med same namn. “Ymsedamer” er ei frisk lita bok med til no upubliserte teikningar frå dei tre siste åra. Her er damer i alle variantar: Appelsindronningar og kalde jomfruer, Bente Bakantil og Frida Framifrå. Kvinner mange av oss kan kjenne igjen, eller ynskje vi ikkje hadde kjent. Dei torsheimske bildetitlane er einaste tekst i boka, og ho fell såleis i kategorien lettlest, men ikkje lettgløymd. Boka er ein stor bukett frodige damer og erstattar gjerne ei blomsterhelsing!