Tidslys: dikt

Tidslys: dikt
Kategorier: , Pynt
Brand: Helge Torvund
279 NOK
Kjøp nå

TIDSLYS er nettopp det - dikt om tida sitt lys. Om samspelet mellom desse grunnleggjande elementa i kvardagen. Samtidig er det ei bok om livsalvoret. Det har vorte sagt om Helge Torvund at han skreiv mindful poesi lenge før omgrepet vart introdusert her i landet. Også i denne samlinga er ei slik vaken merksemd sentral. Lesaren får leva med i det å vakna på Jæren eller i Yorkshire, og i det å velja livet, - igjen og igjen. I dikt fulle av ro, - og av uro. Dikt med pågangsmot - og avmakt.Fleire dikt er studiar nettopp i det som er i live; dyr, plantar og ikkje minst poeten sjølv. Kvardagssyn og søndagssansingar, tidsoppleving og lyserfaring. Vel har dei fleste åra kome og gått, men våren er jammen frekk nok til å dukka opp her på ny. Ja, ja, kva gjer vel det? Poeten er jo ennå i live - i livet. Alt det som spelar seg kring han og i han, i moll og i dur.