The Flåm railway (Johs. B. Thue): I 2002 ga SKALD forlag for første gong ut den vesle boka om den store Flåmsbana, den spektakulære togreisa som har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Norge. Over 600 000 passasjerar tek den verdskjende togturen årleg. Boka om Flåmsbana er utgitt på sju språk, i 30 000 eksemplar og har blitt ein klassikar i suvenirboksamanheng. I vår kjem den populære turistboka ut på nytt, fullstendig revidert, i ny design og denne gongen med foto av Thomas Morel. Morel er ein nederlandsk fotograf, busett i Norge, som etterkvart har bygt seg opp eit stort namn. Han har gjennomført fleire spennande fotoprosjekt i inn- og utland for mellom anna Helly Hansen, Puma og NYC Ballet. Han fekk sitt gjennombrot med fotoserien av dansarane frå Nasjonalballetten. I boka gir Johs. B. Thue ei kortfatta, lettlest og oppdatert framstilling av fakta kring den brattaste bana i verda på normalspor; frå jernbanehistorie, via Flåmsbygda til anleggskunst og rallarliv. Boka gir innsikt i dei historiske, kulturelle og tekniske sidene ved den kjende togreisa. Med Morel sine fantastiske bilde frå ulike årstider vil boka halde fram som klassikar i mange år.