Menneska har alltid kjempa mot mørket. Vi gjorde opp eld, fann opp oljelampe og glødelampe og pøsa på med LED-lys. No er kanskje mangelen på mørke meir skremmande enn mørket sjølv.