Steinauge: roman (Oda Malmin): «Heilt frå første setning kjenner ein seg i trygge hender, for Malmin skriv godt på ein ujålete måte, med naturleg autoritet (…) Malmin innleiar boka med eit sitat av den største Jæren-forfattaren av alle, Arne Garborg. Men den kontante stilen i dei nynorske setningane hennar og den knappe, men poetiske måten å vise indre stemningar på, får meg også til å tenkje på Olav Duun.» Merete Røsvik, Klassekampen BokmagasinetDei seier at ein ikkje kan velja familien sin, men på stadar som Jæren er det ikkje stort anna ein kan velja heller.Syskenbarna Ingeborg og Randi har vore venninner sidan barndommen, men valde dei eigentleg kvarandre? Ingeborg skulle ikkje bli bonde, men det blei slik. Randi skulle aldri venda heim, men det blei slik. Då Randi blir alvorleg sjuk, er dei begge tvinga til å sjå seg tilbake, og forholdet mellom dei blir med eitt endevendt og blottstilt.Det kjennest trygt å vera tett knytt til eit anna menneske, men å vera avhengig kan òg øydelegga ein. Nokre gongar er det vanskeleg å vita forskjell. «En historie med mange tråder, ja, til tross for sine 190 sider er det et helt epos. Sanselig og vakkert og med uforglemmelige situasjoner. Spør noen meg, var dette fjorårets sterkeste debut.» Jan Kjærstad, VG«Ærlig og vart om vennskap … Forfatterens nynorsk er både velklingende og hverdagslig, og spekket med poetiske bilder som vever fortida sammen med her og nå. Det lille verket åpenbarer liksom en liten perle inni omslaget med det steinbaserte janusansiktet, og jeg anbefaler den gjerne.» Frøydis Finstad Gundersen, Hamar Arbeiderblad«Malmin utviser en narrativ tydelighet sjelden for norske debutanter. (…) Hadde noen fortalt meg at en av fjorårets fineste debuter handler om en gammel jærbu med serviettsamling, ville jeg nok møtt påstanden med et by-fnys (…) I Steinauge finnes ikke en eneste overflødig skildring. Det skal en dreven forfatter til for å sette pennen mot noe sånt og gjøre det tydelig.» Kenneth Moe, Aftenposten