Små bitar - stort bilde: dikt (Alf Magnar Strand): Dei fleste dikta i denne samlinga handlar om menneske i ulike fasar i livet, om møte menneske imellom og mellom menneske og natur. Men her er også reine naturdikt. Dikta er små bitar som til saman kan laga eit større bilde. Dikta er korte og konkrete, og forfattaren prøver å skriva om situasjonar som mange kan kjenna seg att i.