Ei samling segner og eldre livsminner frå Emblemsbygda samla mellom to permar. Boka er eit resultat av fleire år med innsamling av kjeldemateriale til bygdeboka for Emblemsbygda, som kom ut på samme forlag hausten 2019. Mange har hjelpt til med utlån av både tekst og bilde. Boka inneheld også tekstar som er forfatta av redaktøren. Segner og livsminne frå Emblemsbygda er tenkt som del av ein serie bøker i årbokformat med lokalhistoriske tema. Førebels er to bøker om lagsliv og lokalt næringsliv under planlegging.