Synest du Don Vito Corleone er kul? Håper du Tony Soprano ikkje blir fengsla og dømt? Sympatiserer og identifiserer du deg med Don Vito og Tony? Heiar du på mafiaen i kampen mot politiet? Denne boka dreiar seg mest om oss som mafiakonsumentar. Kva er det ved desse filmane, tv-seriane og bøkene om mafiaen som fengjer oss i så stor grad trass i det moralsk forkastelege? For å forstå mafiakoden, nyttar forfattaren ei rekkje teoretiske innfallsvinklar for å kaste nytt lys over mafiaen som fenomen. Med analysar av til dømes The Sopranos, The Wire, Gudfaren-filmane med meir, viser det seg at mafiaen er eit gjennomestetisert fenomen. Er det det estetisk appellerande som trugar med å setje til side vårt moralske kompass?