Lovens speil: Høgsterett 200 år

Lovens speil: Høgsterett 200 år
Kategorier: , Speil og veggpynt
Brand: Frode red. Ulvund
372 NOK 465 NOK
Kjøp nå

Lovens speil: Høgsterett 200 år (Frode red. Ulvund): Rett i norsk Høgsterett vart sett første gong den 30. juni i 1815. Domstolen var meint å ha verken kraft eller vilje, men skulle døme strengt etter Stortinget sine lover. Den skulle uvilkårleg spegle lovene som lovgivar vedtok, utan sjølv å ha ei meining om dei. Men tidleg viste domstolen både kraft og vilje til å vere ein del av statsmakta gjennom å ta ei aktiv og samfunnsregulerande rolle. Høgsterett vart like mykje ein samfunnsspegel som ein lovspegel. Korleis har Høgsterett brukt sin posisjon som den øvste domstolen i Noreg dei siste 200 åra? Og korleis har domstolen samvirka med det norske samfunnet? Denne antologien kastar lys over desse spørsmåla, dels ved å sjå korleis Høgsterett har utøvd verksemda si i meir konkrete saker, dels ved å sjå på rammene for korleis Høgsterett utøvde verksemda si som samfunnspolitisk institusjon, og korleis Høgsterett si verksemd har blitt kommunisert offentleg. Frode Ulvund (f. 1969) er dr.philos. og professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen. Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er dr. juris og professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.