Forfattaren presenterer dei viktigaste livssynstradisjonane som gjer seg gjeldande i dag, først kristendommen, så dei sekulære livssynsperspektiva humanisme og naturalisme, og til sist nokre nyreligiøse perspektiv. Livssynsfenomenet blir diskutert og sett i lys av både historisk utvikling og aktuelle samfunnsforhold. Boka er særleg aktuell i lærarutdanning og universitetsstudiar innanfor RLE og religion og livssyn. Ho vil også kunna høva for ulike profesjonsstudiar, der ein treng ei elementær innføring om ulike livssyn, menneskesyn og etiske perspektiv.