Knut Rumohr: TEMPERAment

Knut Rumohr: TEMPERAment
Kategorier: , Speil og veggpynt
Brand: Ingrid Norum
290 NOK
Kjøp nå

Knut Rumohr: TEMPERAment (Ingrid Norum): Malaren og grafikaren Knut Ruhmor er ein av dei mest profilerte nonfigurative kunstnarene frå midten av forrige århundre. Han er mellom anna kjend for ekspressive landskapsmaleri med utgangspunkt i vestnorsk natur. Då han døydde i 2002, etterlet han seg ei rikhaldig samling av maleri på Frønningen i Sogn og Fjordane og i Oslo. Boka Knut Rumohr - TEMPERAment tek utgangspunkt i denne samlinga. Maleria er frå tida 1939 til 1998, med vekt på 1980- og -90-åra, og er difor representative for Rumohr sitt arbeid og utvikling. Knut Rumohr - TEMPERAment handlar meir om malaren enn grafikaren Knut Rumohr, med fokus på utviklinga over tid i Rumohr sine abstrakte temperamaleri. Forfattaren Ingrid Norum ser på teknikk, kunstnarleg temperament, uttrykk og innhald, og setjer han inn i ein vestlandsk, norsk og internasjonal samanheng. Ho reiser spørsmåla om korleis han vart han motteken av kritikarane i si samtid, korleis har han vorte omtala i den norske kunsthistoria, og om der finst myter om Rumohr som står for fall. Boka har også engelsk tekst.