Carl Frode Tiller held fram der han slapp i den prisbelønte og kritikarroste “Innsirkling”. Tre nye stemmer skriv til David, set lys på ein annan fase av livet hans og sirklar han ytterlegare inn - samstundes med at dei dermed også sirklar inn sine eigne liv. Dette er intenst lysande og mørke forteljingar, som nådelaust viser fram avmakta både i dei nære relasjonane og i dei kulturelle og samfunnsmessige vilkåra vi ligg under for.