Huldra, draugen og fanden sjølv: segner frå Sogn og Fjordane (Ove red. Eide): I Huldra, draugen og fanden sjølv blir vi kjende med eit rikt utval segner frå heile Sogn og Fjordane. Dette er første gongen det blir gjeve ut ei samling der alle kommunane i fylket er representerte. Til saman 77 segner i alle sjangrar, frå ytst i Fjordane til inst i Sogn. Vi møter forførande huldrer og prestar med Svartebok, trollkjerringar og hamløyparar, gygrer og sterke menn. Og vi får høyre at både Fanden og Vårherre har gjesta fylket. Utvalet gjev oss segner som har levt på folkemunne i generasjonar - og som framleis fengslar lesarar i alle aldrar. Ove Eide har redigert utvalet og skrive etterord. Finn Egil Eide sine bilde er fargerike medspelarar til tekstane.