Flokken og skuggen (Eldrid Lunden): Flokken og skuggen viser tydeleg kor nært bunden til naturomgjevnadene Eldrid Lundens poesi oftast er. Det verkar som den har sprunge ut av impresjon og refleksjon i ein umiddelbar og gjensidig prosess. Tanke og.bilde er sameina på ein måte som skil seg frå både den resonnerande poesien og.metaforlyrikken.Her er også ei vidareføring av eit anna trekk, nemleg den parallelle bruken av svært ulike poetiske diskursar, som om forfattaren lever fleire poetiske liv, samtidig.Flokken og skuggen handlar om det utsette og sårbare mennesket. Og om gleda over livet. Om det heilt nære, og om vår eiga tid langt i det fjerne. Om døden, verdsaltet og æva. Store spørsmål? Ganske visst.