Fiskekrønike for Lesja

Fiskekrønike for Lesja
Kategorier: , Speil og veggpynt
Brand: Per Jordhøy
495 NOK
Kjøp nå

Fiskekrønike for Lesja (Per Jordhøy): Denne boka handlar om fisking i Lesja, korkje meir eller mindre. Lesja har svært stor tilgang til ferskvassfisk, som mange andre fjellnære kommunar. Her er det nærare 180 fiskeførande store og mindre elvar, åer og bekkar, og over 200 fiskevatn. Ressursane ein finn i mange av desse har vore utnytta ‘i uminnelege tider’, og er framleis høgt skatta. I boka blir eit breitt spekter av tema knytt til fisk og fisking behandla: Korleis fisk vart utnytta som mat, dei mange reiskapsformene som har vore brukte, ord og uttrykk, forvaltning av ressursane gjennom Lesja fjellstyre og mykje meir. Forteljingar og minne frå fiskarliv, statistikk over fangstar og skisser over garnplassar utfyller emnet. Boka er gjennomillustrert med gamle og nye farge- og svart/kvite bilde, teikningar, skisser og kart. Boka blir kalla ein krønike, fordi innhaldet spenner vidt både kronologisk og tematisk, utan direkte ambisjon om å få med seg alt om emnet. Det ville vore umogleg.