Til alle tider har Filefjell vore eit sentralt bindeledd mellom aust og vest - for folk, fuglar, dyr og planter. Tidlege kartleggarar meinte naturtilhøva på Filefjell kunne forklare viktige forskjellar i kulturen mellom aust og vest, og vasskiljet på «Fillefjeldene» blei brukt til å dele det sørlege Noreg i to. Filefjell blei sjølve symbolet på skiljet mellom aust og vest. Boka viser korleis kartlegginga av Filefjell inngjekk som ein del av nasjonsbygginga på 1800-talet. Den viser også korleis kunstnarar som J.C. Dahl og andre brukte Filefjell som ikon for den nye nasjonen, og korleis dette også var ein del av visjonen for dei første naturforskarane og fotografane som besøkte Filefjell. Naturen på Filefjell inneheld både austlege og vestlege biogeografiske element, men er i stor grad også påverka av folks bruk av areal, skog og andre ressursar i dette sentrale fjellområdet. Boka kastar lys over korleis klimaendring påverkar planter og fjellskog i dag, og korleis dei endringane som går føre seg, også kan sporast tilbake til stølsdrift og menneskeleg aktivitet. Den fortel også om turar og turmål, både når dagane og nettene blir lange. Bli med inn…