Faderen: Peder Bjørnson forsvarer seg (Edvard Hoem): Peder Bjørnson var far til Bjørnstjerne Bjørnson, men han var også den unge bondesonen som mista storgarden Skje og i staden vart prest. I denne boka har forfattaren spora opp kvar striden rundt sokneprest Bjørnson begynte, og følgjer det livsdrama han hamna i. I forteljinga om Peder Bjørnson stig eit bilde av det førmoderne Norge fram, eit fattig utkantsamfunn i Europa, som på kort tid skulle bli ein del av den moderne verda.