E134 Haukelivegen: mat, natur og kultur mellom øst og vest

E134 Haukelivegen: mat, natur og kultur mellom øst og vest
Kategorier: , Speil og veggpynt
Brand: Geir K. Hus
449 NOK
Kjøp nå

E134 Haukelivegen: mat, natur og kultur mellom øst og vest (Geir K. Hus): Gjennom 260 sider i stort format får lesarane vere med på ein spennande biltur mellom Østlandet og Vestlandet. Gjennom mange bilde og ein del tekstar byr vi på mat-, natur- og kulturperler langs vegen. Den nye boka om E134 Haukelivegen er for alle som har reist, eller gjerne vil ta turen på strekninga som har knytt folk i øst og vest saman gjennom alle tider. I tillegg til ei historisk reise, ser vi også litt framover i tid. Aller mest er dette boka om livet langs vegen i dag. Den første kjørevegen over Haukelifjell var ferdig i 1889. Dagens heilårsveg er snart 50 år. Boka er ein hyllest til alle dei som har kjempa for å få ein god veg mellom landsdelane gjennom tidene. Samtidig er boka ei stor takk til dei som held liv i mattradisjonar, kulturlivet og naturlandskapet langs E134 i dag. Dette er Geir K. Hus si første bok. Hus er utdanna pressefotograf, har vore journalist og redaktør, og arbeider no i Landslaget for lokalaviser (LLA). Han er glad i både mat, drikke, naturen og lokalmiljøet. Forfattaren er frå Vestlandet, men bur med familien sin på Østlandet. Velkommen med på turen mellom øst og vest.