Du grøne, glitrande

Du grøne, glitrande
Kategorier: ,Pynt
149 NOK 399 NOK
Kjøp nå

Ein prest omtala stunda då han såg det første juletreet som ein guddommeleg augneblink, og ein eldre mann som i guteåra hadde det første møtet med treet i prestegarden i Jølster, uttrykte seg slik: «Vi kom frå kjøkenet og inn i stova. Det var som å koma i det aller heilagaste.» Du grøne, glitrande fortel historia til ein av våre kjæraste juletradisjonar. Ho er full av overraskingar. Det første juletreet vart reist og pynta i Alsace på 1500-talet, og for knapt to hundre år sidan kom tradisjonen til Noreg. Mange opplevde synet av juletreet som eit vedunder medan andre såg på det som avgudsdyrking. Boka syner at treet, med røter heilt tilbake til heidendommen, vart det fremste kristne julesymbolet. Korleis vart denne skikken så utruleg populær? Kva er meininga bak pynten? Kva gjorde dei som ikkje hadde tilgang på skog eller råd til juletre? Bli med Oddgeir Bruaset på ei stemningsfull vandring gjennom juletreskogen, til juletrefestar som samla heile bygder, og til folk som fortel om juletr