Det er eit nytt år i den vesle bygda. I gata til Jørgen og Vibeke kjem det glede og endring når ein familie på tre flyttar inn i nabohuset. Især legen Steinar, faren i huset, er noko for seg sjølv; det står liksom ein eigen vind om han.Men kven er Steinar? Ganske snart begynner Jørgen og Vibeke å merke ting dei ikkje forstår. Kva er det han held på med, den nye naboen? Kva er det som gøymer seg i han? ‘Du er så lys’ er ein moderne psykologisk thriller, ei nervepirrande og gripande bok om det vi ikkje får auge på. Sjølv om det utspeler seg like framfor oss.