Dobbel horisont

Dobbel horisont
Kategorier: ,Speil og veggpynt
350 NOK
Kjøp nå

To horisontar, er det mogeleg? - Joda, i ei bok kan ei slik verd oppstå, seier fotograf Knut Valberg og poet Ulv Holbye. - Eit dikt teiknar sin eigen horisont, eit bilde skriv sin - på boksidene som på tankeplanet. Lesaren inviterast inn i dette spenningsfeltet. Eit døme: «no rører havet på seg / og blir / spegel spegel spegel». Knut samlar ofte lyset inne på mørkare flater, seier Holbye. Eg gjer noko liknande med ord, på den kvite papirflata, ved å skrelle bort alt som ikkje er naudsynt. Det kortaste diktet er på tre små ord, det er godt for ein sånn liten poetisk skapnad å ha eit bilete å stø seg til. Dikta er mest utan store bokstavar, og linene rimer sjeldan. Dei opnar seg mot lesaren. Stort sett står dei to uttrykka eit stykkje frå kvarandre og skapar eit spenningsfelt der du sjølv kan spinne tanketråder imellom. - Til dagleg er eg språkforvirra, seier poeten. Eg vekslar mellom bokmål og dialekt. Men nynorsk er kjærleikspråket, her ligg poesien. Slik sett var valg