Jan-Magnus Bruheim (1914 - 1988) frå Skjåk i Gudbrandsdalen debuterte i 1941 med diktsamlinga “Stengd dør”. Han gav ut 45 bøker, mest lyrikk og barnebøker, men også prosabøker. Dette utvalet inneheld dikt frå alle lyrikksamlingane, i tillegg til eit utval av barnedikta. Boka har også fleire artiklar og mange flotte bilete.BREVETEg sit i kveld og skriv til degog kjenner orda spire. Men enno står det berre eittog lyser på papiret.Eit ““kjære”” berre, står det her.Eg må vel finne fleire?Men vide flakkar tankane,som fuglar kringom reiret.Det er så mangt eg skulle sagt - Fortenkt eg sit ved bordetog tenkjer: kanskje er det nokmed dette eine ordet.Eg ynskjer deg - kvarhelst du burlangt burte eller nære,at du kan kjenne varmen frådet vesle ordet: Kjære