Det nye landet (Marie Dombestein): Å komme til eit framandt land er ikkje lett. Å lære eit nytt språk er heller ikkje lett. Og å bruke dette språket til å skrive det du går og tenkjer på, kan verke heilt umogeleg. I løpet av 2015 møttes flyktningar frå land som Eritrea, Iran, Libanon, Somalia, Sudan og Syria på Førde bibliotek for å utveksla kulturopplevingar. Skriving på det nye språket var ein vesentleg del av prosjektet. Under leiinga av forfattar Erna Osland har dei skrive si eiga bok. Tekstane er korte, og norsken er ny - og så blank og fin at den gir ekstra klare bilde av det å vere ny i dette landet. Boka vert utgitt av Førde bibliotek med støtte frå Nasjonalbiblioteket.