Dei arme små: kritisk lys på framlegget til ny kommune (Jon Naustdalslid, Andreas Hompland): Tilrådinga frå kommune- og fylkesinndelingsutvalet varslar strid om den framtidige kommunestrukturen i Norge. Denne boka er ein gjennomgang av tilrådinga, og gir ei framstelling av kommunane sine funksjonar og problem i dag og i framtida. Ei bolk av boka inneheld dessutan ei dødsliste, der forfattarane vurderer lagnaden for alle kommunane ut frå dei kriteria Christiansen-utvalet legg til grunn.