(Baksidetekst, utkast) Aud Øygarden opna kunstsalong i Seljord i mars 1972 og hadde den siste utstillinga i 2006. Gjennom desse 34 åra var ho saman med mange andre kunst- og kulturberarar med og sette Seljord på kartet som kulturbygd. Aud Øygardens kunstsalong var eit av dei første private galleria som vart etablert utanom byane, og det fekk stor oppmerksamheit. Eller: Aud Øygardens kunstsalong opna i Seljord i mars 1972 og hadde den siste utstillinga i 2006. Det var eit av dei første private galleria som vart etablert utanom byane, og det fekk stor oppmerksamheit. Leasaren får kjennskap til Auds bakgrunn og veg inn i arbeidet som kunstformidlar, korleis ho kom i gang med kunstsalongen, samarbeidet med kunstnarane, publikums oppfatningar av galleriet og kunstsynet som kom til uttrykk i val av kunstnarar. Boka er skriven til alle som er interesserte i kunst, men kanskje særleg dei som ein eller annan gong besøkte Aud Øygardens kunstsalong. (Tekst/bilde på flap på framsida) Aud Jacobsen