Angerhøy: eit skodespel i 4 akter

Angerhøy: eit skodespel i 4 akter
Kategorier: , Pynt
Brand: Marit Tusvik
199 NOK
Kjøp nå

Inst i ein fjord ligg Angerhøy, ein liten avblomstra industriby der folk lever sine liv klemt inne mellom fortid og framtid medan steinen som heng over fjorden trugar med å falle. For menneska i Angerhøy, for det unge paret Ulf og Rosita, for oss, for angsten og begjæret, for smerta vi kjenner over det som skjer, vår fastklamring til det vi har og lengting etter alt vi syns vi skulle få - har Marit Tusvik skrive dette skodespelet, kledd det i lys og mørke, gråt og latter. Eit teaterstykke om korleis vi diktar våre liv med døden tilstades i alt. “Angerhøy” er stykket alle har venta på. Det er stykket som handlar om havet, døden og kjærleiken. Og ingenting anna! Stykket har urpremiere på Det Norske Teatret 6. oktober.