Alt det som er (Bjørn Sortland): Ein ung ubåtkaptein er på tokt. Det er han som har ansvaret og som har kontrollen i den vesle, lukka verda under vatn. Men no skal han bli far for første gong, og då er han slett ikkje sikker på om han greier å ha kontrollen. Til mannskapet sitt kan han ikkje seie kva han tenkjer på, men han kan fortelje det til sonen som er på veg. Bjørn Sortlands poetiske og stemningsfulle tekst og den nederlandske kunstnaren Paul Dikkers storslåtte malerier gjer “Alt det som er” til ei unik bildebok. Boka er støtta av Leser søker bok.