17. mai Bergen

17. mai Bergen
Kategorier: Speil og veggpynt
349 NOK
Legg i handlekurv

Nokre meiner ein bergensar er meir typisk enn andre, og kvart år på den søttendes slår han ut i full blomst. Fotokollektivet Moment har dei siste åra arbeidd med å lage eit fotografisk dokument om fenomenet 17. mai i Bergen. Gjennom ein lang serie portrett av folk i alle aldrar, og med ulike kulturelle, etniske og sosiale bakgrunnar, viser fotografane eit samansett og allsidig bilde av byen og bergensaren. Teksten i boka er av Frode Grytten som med sitt eige skarpe men også kjærlege blikk, fortel om Bergen og den typiske bergensaren. -Når bergensaren først er i gang, må han bare kjøre på, kjøre på, kjøre på. - Hallaien, ditt helvetes rævholl! roper bergensaren lykkelig ut over Festplassen. Korleis er det mulig å ikkje vere smellforelska i ein slik by?, skriv Grytten, og smeltar slik hjarta til alle som opnar boka.